HISTORIA OM HOLVIK

 

 

HOLVIK 51

Bilete fra 1951. Fremst ser vi plassen til Rakel Holvik, Nedanfor er Slettebøna som var eigd av Isak Torgjerson Holvik. Bortanfor hovedhuset kan ei sjå småhusa på depoet, som tidlegare

var eigd av Ingeborg Rauset. Huset til Odd Oldeide og skulen er gode å sjå. Grunnmuren på

huset til Strømmen er under oppføring. Oppe i garden ser ein garden til Arne og Inger

Holvik og bruk nr.1 som tilhøyrer Alf Tonning. Ein ser også garden på Tuftane til Andreas

Holvik og lengst i Sørvest er det garden på Bakkane til Abraham Holvik.

 


Innhold:

 

STADNAMN.. 3

VEGETASJON.. 3

FORNFUNN.. 5

KOMMUNEUTSKILLING.. 5

KYRKJELIV – GRAVFERD.. 6

VEGBYGGING.. 7

FORENINGSLIV – ORGANISASJONSLIV.. 8

ELEKTRISITET. 10

VATN – FRÅ BØTTER OG SPANN TIL RØR.. 10

VATN INN – GJEV SKITTENT VATN UT. 11

KRIGEN 1940-1945 OG MÅLØY-RAIDET. 11

NÆRINGSVERKSEMD.. 12

JORDBRUK – GARDSDRIFT. 12

FISKERI – FISKEBÅTAR.. 13

A.OLDEIDE - BUTIKKEN TIL ARVID OG ANNE OLDEIDE. 17

POSTKONTOR.. 20

TELEFON.. 20

RADIO OG TELEVISJON.. 20

EIGARSKAP. 21

BUSETNAD.. 21

Skifteregister for Nordfjord 1690-1853. 22

Folketelling 1801. 22

Folketelling 1825. 23

Folketelling 1835. 23

Matrikkel 1838. 23

Folketelling 1845. 23

Matrikkel 1890. 24

UTVANDRING.. 24

Matrikkel 1950. 24

HOLVIK EI BYGD I STADIG UTVIKLING.. 26

SKULE. 27

LOKALE STADNAVN.. 29

GARDSHISTORIENE I HOLVIK.. 31

Bruk nr 1. 31

NR.2        HOLEVIK.. 36

NR.3        HALNESET. 39

NR.4        SLETTEBØ.. 40

NR.5        MATTROGET. 43

NR. 6       LUNDHEIM (Nakkehola) 44

NR. 7–8  BAKKE  (Bakkane) 45

NR. 9-11 HALNESVIK.. 45

NR. 12     SOLSTRAND (Tuftane) 46

138-19     FJORDGLYTT. 46

138-60     BERGBO.. 46

 

 

 

STADNAMN

 

 

Namnet har blitt endret mange ganger:

 

        ÅR     NAMN                 KJELDE

 

      1563    Huluigenn            Skatteliste 1563 for Nordfjord. Post 507 og 905

      1591    Hollevigt              Aaland boka s.393

      1600    Hòlevik                Skjøte fra Stryn

      1603    Holleuig               Oluf Rygh

      1664    Holewig               Manntal 1663-66

1701       Hollevig               Manntal 1701

1723    Holwig                 Oluf Rygh

1890    Haalevik               Matrikkel 1890         

1891    Holvik                  Utvandring til USA (Passasjerliste)

1948    Ytre Holevik        Postmuseet

1957    Holevik                Selje og Vågsøy (Bygdebok) av Edvard Os

1965    Holvik                  Postmuseet (6700 Måløy)

1975    Hålevik                Økonomisk kartverk Førde 1974                 

 

Hol(e)vik(a) er eit tidstypisk namn som skildrar naturen slik den er. Ein busetnad ved/under ei Hole i ei vik. Ein finn namnet på mange stader i landet. I fylket veit ein ma. om Holvik i Gloppen, Holevik i Askvoll og Holevika i Bremanger.

 

Oluf Rygh’s store verk om norske gardsnavn Bind 12 s. 403, side 244-245:

Gardsnavn: Haalevik,  Gnr. 138, Utale: Hålevi’ka,

 

Kjelder: *Holleuig 1603, 1608, 1667. Hollevig, Holwig 1723

Emytolgi: * Holuvik; se Askvold Gnr.4 Alminnelig skrevet Hollevik.

Vistnok *Holuvik, af hola f. Hulning, fordypning. Samme namn Gnr.138, og formodentleg Hollevig i Austad er å forklare på samme måte. Har alm. Skrevet Holle-,Holevik.

 

 

Til toppen

 

VEGETASJON

 

 

I Holvik finnes det enda spor etter plantar som trivdes best før klimaet begynte å bli kaldere for 2000 år sida. Konservator Ola Dahl fann i 1894 vill-apal i Holvik. Mange av ungane som vaks opp i Holvik på 60-tallet hugsar apal-trær på Sjøastykket (ovanfor noverande gravplass) og nedafor gamlehuset til Alf Tonning (bruk nr.1). Apaltrærne var Sognegrov og Søteple.

Holvik Støda Gard Utmark 041

Den breikrona kystfurua i Holvikskogen er også ei subarktisk plante frå denne tida. Den største og finaste furua finn ein hvis ein fortset langs elva ovanfor bassenget opp til Kolbrennene. Namnet på denne plassen tilseier at kan ha vore drive tjærebrenning her. Da kan ein også forstå at fjelltoppane like ovanfor heiter Tjæretoppane.

Holvik Støda Gard Utmark 038

 

 

Skogen i Holvik vart truleg spart i den store avskoginga på Vestlandet rundt år 1500-1600. Da var det hollendere, tyskere, engelskmenn og skotter som kjøpte og stal all skog dei kunne få tak i til bygging av byar i Europa. Det blir sagt at Amsterdam står på tømmer frå Vestlandet.

Furuskogen er no freda.

 

 

 

 

FORNFUNN

 

I Holvik på Halneset har det lege ei torvtekt  røys like ved huset til Sigurd Halnes. Det vart funne ei kiste med helletak, og i den låg ein skjoldbukl og knoklar som er komne vekk. Dette funnet kan nok vera eldre enn frå vikingtida. Dette er einaste fornfunnet som er registrert er registrert fra Holvik.

 

Til toppen

 

 

KOMMUNEUTSKILLING

 

Etter at folketalet i Vågsøy auka kraftig rundt 1900 ble det sendt søknad om at Sør-Vågsøy skulle bli eige kyrkjesogn. Det skjedde ved kongeleg resolusjon av 21-11-1905: Frå 1. januar 1906 vart Holvik med gardsnr. 102-117 og 132-138 med i dette. Men framleis var heile Vågsøy underlagt Selje Kommune. I 1909 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke at Selje herad skulle delast i 3 herad (Hove, Nordre-Vågsø og Søndre-Vågsø).

Holvik Støda Gard Utmark 005

Det sat folk både frå Holvik og Vågsvåg i det nye Heradstyret sjå bilde Fjordenes Tidende.  Varaordførar var Hans Våge. Johan Oppedal, Samson Våge og Hans Holvik var også frå Vestre Krets. Etter det store heradnamneskiftet i 1918 vart namnet endra til Sør-Vågsøy.

 

 

 

 

 

 

 

KYRKJELIV – GRAVFERD

Kyrkjevegen var lang, heilt til kyrkja på Raudeberg. Var det gravferd vart kista plassert i buda til venstre og frakta i robåt i lag med kyrkjefolket direkte til kyrkjegarden. Det var ikkje vanleg å forrette i kyrkja ved slike høve.

Holvik Støda Gard Utmark 010

Seinare fekk ein motorbåt og då plukka ein opp alle som vinka inn båten langs Ulvesund. Mange holvikarar er gravlagt på Røysa. Seinare vart det  Sør-Vågsøy Kyrkje i Måløy. Mange holvikarar var store bidragsytarar for å få reist kyrkja i Måløy.

 

VEGBYGGING

 

Kravet om veg i Vestre Krets kom tidleg. Allereie i 1907 var der avisinnlegg i Bergens Tidende og i Fjordenes Tidende skrive av tilsynslærer Arne Kjøde. Hovudargumentasjon for veg var det rike fisket av sild og torsk i Torskangerpollen. Behovet for å melde frå om fiskeri og sende fisk ut var tillagt stor vekt. Med ei nært foreståande komuneutskiljing var det ei klar trenering av denne vegsaka i Selje kommunestyre. Etter danninga av Sør-Vågsøy heradstyre vart det teke fleire initiativ for å starte vegbygginga. 6. Januar 1916 underteikna alle grunneigarane avtale om fri grunn til vegen. I tillegg vart det tilbydd bidrag frå kr 10 – 100 frå 22 grunneigarar. Jacob Kjøde gav 500,- med forbehold om at oppstart på vegen måtte skje innan påske 1918. Kontrakt om avståelse av grunn og tilskot ble ytterlegare formalisert 15.april 1923. Då vedtok grunneigarane å betale resten for bygging av vegen frå Sæternes til dampskipsekspedisjonen i Vågsvåg, under forutsetning av at staten ytte minst 5/10, Sogn og Fjordane fylke 2/10 og Sør-Vågsøy Herad 2/10.

Vegbygginga på den 5.53 km lange vegen starta opp i 1924 og blei endeleg fullført 16.12 1949. Totalt kosta det kroner 319.300 å bygge vegen.

I 1938 var vegen ført fram til midt i Holvik, og det ble markert med ein overtakingsseremoni. Mesteparten av vegen var fram til då bygget for naudsbidrag, og først i 1937 ble den opptatt på det ordinære budsjettet. Under krigen fortsette tyskarane vegbygginga til Vågsvåg. Spesielt viktig ble det med god forbindelse etter Måløy-raidet da tyskarane frykta nye flåteraid inn Vågsfjorden. Vegen ble ført fram til Ramneholmen, heilt ytterst i Vågsvåg og det ble også anlagt kjerreveg vidare til Vombaneset for å etablere kanonstillinger og skyttergraver der.

Til toppen

 

FORENINGSLIV – ORGANISASJONSLIV

 

Rundt 1890 var Det Norske Totalavhaldselskap som dominerte lagsarbeidet i Holvik.

Møta var som oftast lagt til garden på Slettebøen eller oppe i Garden. Laget hadde

medlemmar fra Måløy, Husevåg, Våge og Holvik. Mons Gotteberg og Torger Holvik

var dei mest aktive. Laget var so aktivt at den landskjende Bård Kaltveit kom til medlemsmøte i Sørestova oppe i garden I 1915. Det vart rundt 1918 endatil stifta barnelag

for DNT som hadde møta sine i det nybygde skulehuset i Holvik.

 

Det Norske Misjonselskap var det første misjonselskapet som hadde arbeid i Holvik. Det vart

starta i 1890 og den fyrste leiaren var Jørgine T. Holvik.

Marie og Ingeborg Holvik  starta opp Kinamisjonen rundt 1890, og fyrste leiar vart Anna

Larsen Holvik. Fra 1941 til 1973 var Marie P. Holvik leiar.  Den fekk stor lokal utbredelse da Johan Gotteberg fra Måløy var ein av dei tidlige misjonærane som reiste til Kina. Rakel Holvik dreiv lagsarbeid for Den Norske Santalmisjonen, men da ho døde ble laget lagt ned. Sjølv om ikkje alle misjonselskapa hadde eigne lag i bygda vart det arrangert årlige møte til inntekt for dei. Katrine K. Holvik samla alle skulejentene i bygda i heimen sin 23.02.1919. Det var til misjon og inntekt for Samemisjonen, eller ”finner og lappar” som det heitte i den tida.

I 1930 vart Holvik Forening For den Indre Sjømansmisjon stifta av skulelærarinne Margit Hole. Fleire av misjonsforeningane blei seinare lagt under denne. Dei fleste eldre konene i bygda strikka og hekla duker til dei årlige basarane i skulehuset. Liv Oldeide har vore ansvarlig for Israel-misjonen i Holvik i mange år. Også denne misjonen vart stifta i 1930 da som Israelmisjonens Bøsselag i Holvik.

Holvik Søndagskule vart og stifta i 1930. Det var Maria Holvik (sjøafamilien), som var gift med predikant Kvien, som var søndagskulelærar. Søndagskulen vart mellombels lagt ned under krigen.

Søndagsskulen på tur

Søndagskulearbeidet vart teke oppatt rundt 1962 av Simon Holvik og Arvid Halnes. Simon budde i Måløy, men han hadde bil (folkevogn) så han kom seg greit fram. Når Simon døde tok Arvid over og dreiv dette arbeidet fram til han flytta til Sandane. Då tok Signe Miljeteig over ei kort tid, så var det ein vikar frå Måløy som hadde utdanninga i orden. Når John og Klara Refvik skulle flytte til Holvik ba Arvid Halnes han om å overta søndagskulearbeidet. Sidan tok Klara over og ho driv den i dag i lag med Margrete Halnes.

 

Kvinneforening 45

 

Holvik Ungdomslag vart skipa av Margit Maurstad i 1918. Laget var med i Norges

Ungdomslag. Lagsaktiviteten har vore veldig ujevn, men dei hadde blant anna ei

songgruppe som var aktiv under krigen.

 

Holvik Musikklag med Bøe fra Vågsvåg som leder og  starta eit kristeleg musikklag som underheldt fra tidlig på 1920 og fram mot 1940.

Holvik Musikkforening 1924

Konsert på Vågsberg 1924

Holvik Songlag vart skipa i 1952 av Solveig Blålid og Marius Hunskår. Laget deltok på

songfestar i bygdene rundt og på sangarstemne i fylket. Nedlagt rundt 1965.

 

Holvik Sanitetsforening vart stifta i 1948 og nedlagt i 1980. Asbjørg Paulsen stod bak

skipinga og Inga Hestdal dreiv laget vidare.

 

Fiskarlagsarbeid var det nok som opptok dei fleste mannfolka i bygda. Dei var organisert i

Måløy & Holvik fiskarlag og formann var Ivar Wik.

Men også her kom kvinnene sterkt inn med danninga av Måløy og Holvik Fiskarkvinnelag som vart skipa i 1959. Den fyrste leiaran var Olga Wik  og seinare Rigmor Holvik.  Dette laget varte til 1992. Ann Karin Oldeide har i mange år vore aktiv i Sogn og Fjordane Fiskar-

Kvinnelag.

 

Til toppen

 

ELEKTRISITET

Strøm vart lagt frå Måløy over der Måløy Stadion ligg no og ned til Holvik og deretter inn til Halnes. Dette gav strøm til 6-7 garder i Holvik og 2 i Halnes hausten 1941.

På Tuftane hadde Ingeborg lenge tala varmt om at når ein fikk strøm så måtte dei kjøpe seg skikkelig komfyr ikkje bare en slik 2-plater som dei fleste kjøpte. Denne vart bestilt frå Ålesund og  Andreas henta den på Hagens-ekspedisjon på Lisje-Julafta. Han lånte ei handkjerre og drog den frå Måløy og heilt på  Tuftane. Det vart litt av ein julepresang.

3. juledag skulle han levere handvogna attende til Måløy. Han kom inn til Matrogen da han såg krigskip som kom sigande innover Holvika. Når kanonene på Tongane opna ild var han snar å ta vogna med og komme seg heim. Det gikk lang tid etter Måløy-raidet før vogna vart levert tilbake til den nedbrende skipsekspedisjonen i Måløy.

 

VATN – FRÅ BØTTER OG SPANN TIL RØR

Vatn i husa var den einskildes problem og arbeid. Nokre henta vatn i elva, andre hadde brønnvatn attmed huset. Det var store diskusjonar i bygda og til slutt vart arbeidet med å byggje bassenget starta i kommunal regi. Holvikarane Elias Våge, Ragnvald Hetle og Odd Oldeide var tilsette i kommuna og med på utbygginga.

 

Sjå bilder fra prosjektperioden.

Demningsarbeid 1    Ragnvald Hetle

 

Vaggen     Skinnegang

Denne drikkevasskjelda varte heilt til 1993, då ein fekk tilført ekstra vassleidning frå Måløy med reinsa vatn frå Skramsvatnet. Då var folketalet i Holvik dobla mange ganger i forhold til det bassenget var meint å skulle dekkje. Bruken av vatn, har også auka frå å vaske seg til jul anten en trengde det eller ikkje, til at ein no dusjar fleire gonger for dag.

 

REINT VATN INN –  SKITTENT VATN UT

Vatnet ein fekk i hus skulle også ut att. I den første tida var det å tømme servanten i bøtter og bære det ut. Med tanken på vannklosett, måtte det til avløp som gikk til sjø. Odd som no hadde god erfaring med skyting og graving frå arbeidet med Vannbassenget gjekk i gong og la rør ned frå huset til sjøen. Då røret var kome ned til hovudvegen måtte han sprenge seg gjennom dei murte elvevangane til Holvikbrua. Dette var sprengingsarbeid som får USA si kirurgbombing under Kuwaitkrigen til å likne på ei middels salve avfyrt av Dynamitt-Harry. Røra kom igjennom og brua står den dag i dag.

 

KRIGEN 1940-1945 OG MÅLØY-RAIDET        

Å skrive historia om Holvik utan å nemne krigen er uråd. Det var sjølvsagt ei hard tid for folk med streng rasjonering, forfølging, krigsinnsats osv.

 

 

 

Kristoffer Holvik kom til fots frå Måløy og henta familien på  i Holvik ( under Måløy-raidet): Mor Anne Larsen Holvik og søskena Isak, Borghild og Astrid. Han kom springane ut frå Måløy 3.juledag, rett inn i stua og ropte: ”Jag kyra ut i snøven så reise vi til England alle sammen”. Grunnen til at han berga familien over til Shetland var at båten til familen før krigen hadde frakta flyktane jødar over til England.

 

Magne og Lilly Fjære i Matrogen reiste også under Måløy-Raidet. Magne giftet seg med Mabel Jacson, som han vart kjent med under krigen.

 

Alf Halnes reiste og, han kom aldri tilbake. Jacob Holvik reiste over 3.juledag.

 

Randi Halnes og Randveig Føllesdal var på Moldøen da bombinga starta. Dei la på svøm for å komme seg over til Måløy, og vart plukka opp av engelske soldater i ein landgangsbåt. Under svømmeturen fikk Føllesdal en granatsplint i rumpa. Ho måtte opererast på turen over til Shetland.

 

Det var også nokre som gjorde krigsinnsats, som Jacob Holvik som var med i Kompani Linge. 

 

Til toppen

 

NÆRINGSVERKSEMD

 

JORDBRUK – GARDSDRIFT

 

Drifta av gardane har frå tidlege tider vore svært viktig. Dei fyrste som leigde seg gardar i Holvik betalte landskyld anten med fisk, smør eller korn. Husmannsplassane i bygda som var underlagt hovedleigar, måtte betale for seg anten ved arbeid på hovudgarden eller frå dei varene han dyrka på sitt eige stykke.

 

Men dei avgrensa markane i Holvik gjorde at krøttera måtte på sommarbeite på fjellet. Dessutan vart ein del av jordstykka brukte til åker for korn og poteter.

Kyrne gjekk heilt på Norefjell (Breimyra) og måtte melkast morgon og kveld. Og så måtte ein bære melka i ”hølkje” (vassele), heilt ned til gardane i Holvik.

Budeie

Sofie Stranden Holvik.

 

Var det dårlig vær kom kyrne ned til utmarksgjerda og til gardfjøsa, som låg ved steingjerda. Haugen ved Andreas-hagen heiter frå gammalt Melkehaugen og truleg var det her dei sat og melka. Like nedanfor Melkehaugen var kvernhuset der kornet i bygda vart malt. Å samle høy til dyra var ein stor jobb på dei avgrensa grøne flekkane.

 

971340006

Alle tufter i bygda vart slått, og på bildet ser vi Abraham Holvik slå på eigedommen til Eilert Oldeide.

Det vart også sett opp løypestreng slik at ein kunne drive noko slått på fjellet ved Sætrevatnet. Det var også en annan løypestreng som gjekk frå Skogelyd (omtrent der Odd Henning Svoren bur no) til over/innafor Sletteberget.

 

Til toppen

 

FISKERI – FISKEBÅTAR

Ro fiske var truleg det første som var drevet av næringsverksemd i Holvik. Andreas Holvik og Hans Strømmen var gode representantar for denne driftsforma. Hans Strømmen fekk tilnavnet Nordsjø-Hans. Han rodde fiske heilt ut til Klovningen til han var langt over 80 år gammal.

HANSAND

 

 

M/S ”Angell” som var eigd av Ragnvald Matias Torgeirson Holvik og Isak Torgeirson Holvik samt dei to syskenborna deira , Arne og Elias ”i Garda”.

Dette var nok første motoriserte båten i aktivt fiske i bygda.

Angel bryllup 1928

Angell bryllupspyntet i anledning bryllup til Olav Dybedal frå Almenning.

 

M/S” Forsøk” var eigd av brødrene Isak, Simon og Alfred Holvik.

Dei var også medeigarar i Sleipner 1 som vi ser mannskapet på.

Sleipner 1 1925

 

 

 

Havørn

M/S ”Havørn” blei kjøpt av dei same i 1938. Denne båten hadde ei 50HK Wichman-maskin. Havørn ”stakk over” til England før krigen.

 

 

vitaco

Johannes Holvik fikk kjøpe Vitaco frå Kvalheim og Co. Den ble sett i aktiv linedrift og var forløper for Holvik Senior som han dreiv saman med sønene Karl og Svein. Seinare kjøpte dei Nygårdsjøen og døypte den om til Camaro. Dette rederiet har alltid vore ein viktig arbeidsplass i bygda. Forutan Johannes og sønene var følgande holvikarar fast med: Martin Holvik, Odd Åre og Jakop Oppedal. Heilt frå tida då Johannes dreiv Skaar Senior var det vanleg at han gjorde ein ekstra sving opp på Holvika og fløytte kvar gong dei gjekk vestover på ny tur.

 

utgifter

Det var beskjedne utgifter på første turen med Vitaco.

 

vitacomannskap

Mannskapsbilde av Vitaco. Johannes Holvik med hatt i midten bak. Karl bak til venstre.

Mannen i midten framme var frå Jemen og var med i regi av FN som eit opplæringsprosjekt

 

 

holviksenior

Holvik Senior vart kjøpt fra Island

 

Seinare vart Nygårdsjøen kjøpt og omdøypt til Kamaro

kamaro

Kamaro

 

 

Odd Oldeide hadde i mange år vore mannskap på fiskebåtar frå distriktet både på line -og snurpefiske. Han starta sjarkfiske med båten Duen som var både fiske og fritidsbåt. Det var ei Skorgenessnekke med 6-9 HK Marna.

 

Duen

Duen på ferietur i Sunnfjord. Ellinor sit på baugen.

 

 

Seinare var det hummerfiske med Trygve Gangsø sin sjark ”Kleggen”. Etter eit godt samarbeide der, leigde desse to M/S Havskåren, ein 50’ kutter frå Måløy (30HK Union med Heimdaltopp). Denne dreiv dei i lag, til Odd fikk stadfesta at det ville være riktig å kjøpe eigen båt.

Den fyrste fiskebåten Odd kjøpte var M/K ”Alladin” frå Selje med 30 HK Union.

alladin

Alladin avbilda ved buda til Arnt & Simon Midtgaard. Dette bygget er no adm.bygget til Domstein.

 

Det kunne være hardt for Liv heime når ho hadde mann og periodevis 3 søner om bord i båten. Drifta kunne være steinhard der verken dårleg vær eller mangel på søvn skulle hindre han i å laste båten.

 

 

 

gamleargus

Argus

 

I 1975 kjøpte Odd Argus i lag med sonen Stig Rune, 57 fot lang og med Detroit-maskin. Båten var totalt utsleten då den vart senka på skipskirkegården i Vågsfjorden i 1986. At Odd var ein føregangsmann også innan fiskarfaget visast då han tok med Ellinor som mannskap på lofotfiske i 1978. Det mangla ikkje på åtvaringar verken frå andre båtar eller frå ulike

Landanlegg då han valde å ta med ”kvinnfolk” om bord.  I perioden mellom at Argus var senka og at nye båten Argus Jr. vart bygd ferdig, leigde Odd og Stig ”Fiskholmen”.

Argus jr

Argus-Jr på 90 fot vart sjøsatt i 1988 og kosta ca. 20 mill. Det var mange som stempla dette som den komplette galskap. Båten fekk etterkvart alt av konsesjonar og kvoter, og mangla bare fellingsløyve på hjort og elg. Det var notfiske etter sei, lodde, makrell og sild, snurrevad etter torsk, hyse osv, garnfiske på Lofoten og Finnmark, partråling i Nordsjøen og endatil konsesjon til skjellskraping. Snakk om å være forut for si tid.

 

 

 

 

Revefarm

Revefarmer i Holvik: Tuftane, Holvik-skogen (Elias Holvik), Arthur Hestdal og

i Innlegda til Alf Tonning oppe i garden.

 

Kristoffer Holvik dreiv fiskemottak i Måløy, der Måløy Taxistue held til no.

Kontoret var kasseloft og også kantine. Ein gong han prata i telefon om sal av fisk, satte han samtalen over til Utenriksavdelingen og gav telefonen til sonen som satt på nabokassa.

 

Til toppen

 

A.OLDEIDE - BUTIKKEN TIL ARVID OG ANNE OLDEIDE

Anne hadde handelsskule fra Volda og nokre år butikk og kontorerfaring i Volda og Måløy.

Då dei flytta inn i det nybygde huset vart planane om butikk i bygda lagt og 1. etg vart satt til butikk. Totalt var butikken på ca. 80 kvadratmeter som vart delt likt mellom lager og butikk.

Flyfoto Butikken

Det mangla ikkje på advarande peikefingrar frå dei mest konservative i bygda. ”Hvis ein startar butikk og sel snop så vil ungane bli heilt forderva”. Men 27.august reiste dei til Bergen for å søkje varekreditt hos A/S J.C.Movinckel. Gleda var stor då dei to dagar etter fekk brev om at ein kunne ta ut varer hos Olav Føleide i Måløy  som var Movinckel sin agent. Som ein ser av følgane faktura så var det ikkje store kvantum av kvart vareslag. Den første fakturaen på kolonialvarer var på kr.2.691,50. Fakturaen fra margarinsentralen var på kr. 220,94 og fyrste fakturaen på frukt og grønsaker fra W.Dragseth i Loen var på 94,-.

 

Kvittering Tiedemanns

Kvittering Firda Canning

 

 

Den 7.oktober kom Fagerlid som var salgsjåfør hos Olav Føleide med varene. Det vart arbeidd lange dagar med å plassere varene i skuffer og hyller. Butikkinnredningen var ikkje særlig avansert. Den bestod av 2 diskar og reolar på veggane som var laga av Haugen Snikkarverkstad i Florø. Rekninga lydde på 1069,- kr. Vekta vart kjøpt hos Berkel A/S i Bergen og kosta kr 436,96. I diskane var det skuffer til diverse gryn og mjølvarer for alt slikt var i lausvekt. Det same var rosiner, svisker, aprikoser og lignende. Papir og posar vart innkjøpt hos O.Skibenes & Søn i Måløy.

 

Butikken vart opna 10.oktober i 1956. 

Meddelelse FjT

Første kunden var Martin Hopland. All startkapital ein hadde 1968,- kroner var lagt i kassa. I starten var omsetningen beskjeden, men det som kom inn i kassa vart brukt til å betale varekreditten. Så da gjekk det ikkje så lenge før ein kunne betale varene etter kvart eller pr. 30 dagar som var vanleg på den tida. Driftskostnadane var lave, litt posar og innpakningspapir. Telefon fekk ein innlagt først året etter. Kundegrunnlaget var ikkje stort. Det var ca. 150 personar med stort og smått i Holvik, så det var mange dagar då det ikkje var papirpengar i kassa. Dei første to åra måtte Arvid gå på arbeid i Måløy og Anne som småbarnsmor, måtte ta den daglege drifta. Men når omsetningen vaks så kunne etterkvart Arvid ta over og Anne var deltidshjelp. Etter kvart vaks vareutvalet; verktøy, panner, kjøkkenutstyr, krustøy, papirvarer, spel og leikar.  Det var stor avveksling i kvardagen når ein kunne reise til Måløy og være med på juleutpakking av varer og sjå kva nye varer ein skulle taka inn.

Som åra gjekk så vart butikken altfor liten. Ein hadde no fått kjøledisk og frysar og alt krevde plass. Ein byrja planlegge utviding. 1967 fekk ein kjøpt nabotomt av Audun Dybedal.                                                                                             

Forretning bygges i Holvik, FjT

Tirsdag 18.oktober 1977 vart dørene opna på nye butikken. Omsetningen vaks litt etter litt i åra framover. Store inntekter vart det ikkje, men med forsiktig privatforbruk vart det litt overskot som ein let innatt i firmaet. Det var lysta til å drive noko sjøl og det at ein var full av ungdommelege krefter og mot, som gjorde at ein klarte å skape ein leveveg for seg sjølve og dei seks borna som kom til etterkvart.

Medan nærbutikkar i andre bygder vart lagde ned, valgte Arvid og Anne å satse vidare. 6. oktober 1989 utvida dei butikken ytterlegare og no med hjelp av sønene Endre og Jarle Ottar.

Butikken er no over 500 kvaderatmeter og er nærbutikken til heile Vestre Krets.

 

For oss som vaks opp i Holvik var ”tikken” det store samlingspunktet.  Der kunne vi kjøpe ein spisspose med kandisukker, kjøpe svartongler og ”krædeongler”. Teikneseriar og ukeblad hadde si faste hylle høgt på veggen ved sida av inngangsdøra. For oss ungdommar var det stort å kunne få lesa Tempo, Fantomet og Sølvpilen. Men å lesa slik kulørt kriminalitet gjekk ikkje ustraffa føre seg. Margit Hole, som var moralens voktar i bygda, sørga for at butikken måtte stoppe å selje Tempo. Og når ein gjekk på butikken hadde folk tid til å slå av ein prat. Lisje-Henrik sat altid i nærleiken av butikken, og lagde leidningsbåtar. Gardakjerringane skulle utveksle nytt og gamalt, så etter nokre timar på butikken visste ein det som vat verdt å vete. Når ein i dag ser kvelds- og døgnopne butikkar i Måløy, blir ein ikkje så imponert. Det hadde vi i Holvik for 30 – 40 år sia. Mang ein gong kunne ein bli sendt heimanfrå både påske og julafta for å byte ein kålrabi full i ved eller å hente fløyte som ein hadde gløymd. Uansett tid på døgnet har vi aldri høyrt nei frå Arvid og Anne.

 

Butikken har saman med skulen vore den viktigaste grunnen til at småbarnsfamiliar har valgt å bu i Holvik. Ei klar oppfordring til lesarane av dette sidaer at skal bygda leve i framtida, så må ein handle  på nærbutikken i Holvik

 

 

                                                              

POSTKONTOR

poststempel

Ytre Holevik brevhus i Sør-Vågsøy herad, under Måløy Postkontor ble oppretta 01.07.1948.

”Kronet Posthorn”-stempel ble tilsendt 14.06.48. Brevhuset var postsortering gjort i privathus.

Brevhusstyrer var først Elias Våge fram til 01.01.1954 da den vart overteke av fiskar Odd Oldeide. Posthuset vart lagt ned 31.05.1964.

 

Til toppen

 

 

TELEFON

 

Odd Oldeide fekk installert telefonen tidleg på 50-tallet. Denne var plassert i gangen innanfor hovuddøra. Nummeret var 267A og Alf Tonning hadde 267B. Der var ein brytar slik at ein kunne ringe direkte til Tonning. 1 støyt i telefonen ringte til sentral. 2 støyt i telefonen var til Oldeide og 3 støyt i telefonen var til Tonning. Dette gav store moglegheiter til å avlytte personlege samtaler. Mange lånte tlf. når ein skulle hente posten. Seinare fekk bygda talestasjon som vart lagt til Håkon Hopland.

 

Bla i telefonkatalogen fra 1958

 

RADIO OG TELEVISJON

 

Radio fekk ein tidleg i hus, både stasjonær Radionette og den meir vanlege Kurer-reiseradioen.

Radio FEB 1955

Stig Oldeide som radiolyttar 3  mnd gamal.

 

Desse kjøpte Odd 1953. Så på 50- til godt utpå 1960-tallet var radioen einaste underhaldning. Det var ønskekonsert på norsk og frå Færøyane på kortbølge. Barnetime for dei minste og heile familien samla seg til høyrespela i Lørdagsbarnetimen. Då vanka det godsaker: 1 appelsin, ½ banan og 1 langrute kokesjokolade innpakka i matpapir. Då Odd og Liv flytta til etasjen nede i 1965 la Odd opp høgtalerleidningar frå radioen frå stua til kjøkkenet. Den hadde vendebryter slik at ein også kunne bruke høgtaler som mikrofon. På denne måten var ein nok det første huset som brukte intern kommunikasjon mellom stue og kjøkken i Holvik.

 

Men den store revolusjonen kom når dei første fjernsyna kom til Holvik. Det var Bakke (som bygde huset som no fam. Nerland eig), Elias Våge og huset i Nakkhola som fekk fjernsyn i 1966, alle ungane i bygda banka på døra der og hvis ein var stille fikk ein sitte på golvet i stua og sjå på TV. Det var for det meste pausefiskar og ”Vi  beklager teknisk feil” men ein og annen Familien Flint episode, eller Ivanhoe sit nok spikra i mangt et barnesinn frå Holvik.  Ønsket om eige TV ble nok framsett av ungene både som bursdagsønske, juleønske og kven veit om ikkje det også hamna i kveldsbøna før ein gikk til ro. I alle fall kom svart kvitt TV til Oldeide-familien i 1967. Då vart laurdagsunderhaldninga bytta til Krutrøyk og ”Talk Show” med Erik Bye og kosematen var blitt til pølse og potetstappe. Pizza vart fortsatt ikkje oppfunnen av det norske folk.

 

Seinare på 1970-tallet kom neste framskritt, det var fargefjernsynet. Det kan seiast at både medie- og samfunnsutvikling vart meir nyansert og fargerik enn det enkle svart/kvitt-synet på samfunnet, som hadde prega 50- og 60-talet.

 

EIGARSKAP

 

Før mellomalderen veit vi lite om kven som eigde gardane i Selje. Etter kristninga av landet la kloster og kyrkje under seg det meste av gardane i området. Alle gardane i Holevik var underlagt klosteret i Selje og seinare kring år 1600 overførte til St.Jørgens hospital som eigde 79 garda i dåverande Selje Herad. (92% av gardane som St.Jørgens Hospital eigde kom frå Selje kloster).

Aleksander Fester, son til Didrik Fester, kjøpte i 1680 gardane Våge og Buvika av lagmann Hans Hansson Lillienskiold, og då følgde også Vågsberget, Færestrand og Holevik med. Det var ein  landskyld på 4 pd fisk på Holevik (trulig samme som er nevnt i Mantall 1663-66 Nordfjord Porsti).   Dette eige var under Vågsberget og i 1740 skøytte dottera til Karen Rafnsdotter handelstaden og handelprivilegiet over til Modesta Aleksandersdotter Fester der gardane i Holevik var ein liten del av eigedommen. I 1774 selde ho til dottera Karen Kristine.  Dottera hennar som også heitte Modesta fekk sia Vågsberget. Ho gifte seg med Peder Pedersson Bang i 1751. Han tok over drifta og selde seg ut i 1769 til Peder Pedersson Tonning, som fekk handelsløyve i 1777 og gjesteheim 1779. P.Tonning var son til lensmann Peder Tonning i Stryn (f.1738 d.1811). 

Ein veit og at noko av Holevik som tidligere hadde høyrt til Apostelkyrkja i Bjørgvin vart til proprietærgods. (Privat eige men ikkje drive av eigar). Frå 1800 – 1880 vart hospitalgodset selt med fortrinnsrett til dei som var leiglendingar der. Holvik vart selt i 1846 til Arne Hansson Rauset frå Gloppen for 370 spd. (les meir om bruk nr.1)

 

 

Til toppen

 

 

BUSETNAD

 

Første registrering er skatteliste for Nordfjord i 1563, Oluff frå garden Huluigenn måtte betale j(ern)-daler i jordskatt. (Post 507 og 905).

 

Det andre som er registrert skriftleg er i Mantall for Nordfjord Prosti 1663-1666:

Sidenr: 35, Amt;Nordfj.Porsti, Presteggjeld; Selløe, Sokn; Stadtz Schribred, Aar; 1664.

Gard; Holewig, Gårdslag; Heell Ødegaard, Gardskyld; 4 pund fisch.

12 gardmend/oppsitter. Navn; Ingebricht alder 56 aar.

 

Den tredje registrering er i Mantall 1701, der vi finn Hollevig i Woxøe Annex i Selløe med 3 navn registrert:

Anders Larsen, 17 år, yrke; t (tenestefolk), født i Sunnfjord

Baar Olsen, 65år, yrke; ind. Stand; Inderster

Jan Jansen, 58år, Yrke;0

 

 

 

Skifteregister for Nordfjord 1690-1853

Viser følgende på Hollevik gard i Stad Skipreie:

Jan Jansen                              1704-1706     

Mons Jacobsen                      1727-1731

Ragnilde Jacobsdtr.               1731-1734

Jacob Paulsen                        1758-1762

Jon Jacobson                          1758-1762

Isak Ellingsen                        1762-1766

Rasmus Olsen                        1766-1770

Ulrik Jacobsen                                   1766-1770

Jacob Jacobsen                      1766-1770

Knud Rasmusen                     1781-1785

Brite Jensdtr.                         1799-1803

Abraham Hansen                   1799-1803

Jacob Jensen                          1804-1808

Guri Abelsdtr.                                    1808-1813

Anna Rsmusdtr.                     1822-1827

Ole Marinuseen                     1839-1846

Mons Tomasen                      1839-1846

 

 

Folketelling 1801

Hollevig under Sælløe Prestegjeld hadde totalt 11 personer. Garden er ført opp som del av garden Hollevig i Gloppen prestegjeld. I folketeljinga er dei 11 som er ført opp begge stader. Truleg har flyttinga skjedd akkurat i brytninstida og skifte ble formelt gjort i 1803. Anne var truleg syster til Synneve Rasmusdtr. Som var Moder til konen på garden Hollevig i Gloppen.

Jacob Jensen, 50år Husbonde og gardsmann

Anne Rasmusdtr. 37, kone

Rasmus Jacobson 11, barn

Alets Jacobsdtr. 13, barn

Christie Jacobsdtr. 7, barn

Anne Jacobsdtr. 5, barn

Else Jacobsdtr. 2, barn

Stephen Sørensen 42, tjenestefolk, enroulert matros

Abel Johnsen 24, tjenestefolk, enroulert matros

Jens Monssen 39 tjenestefolk

Kari Pedersdtr. 26, tjenestefolk.

 

Har også funnet gjennom søk i DIS:

Rachel Rasmusdtr. Hollevik i Sør-Vågsøy f. 1767 – d. 1844. (Mulig søster av Anne Rasmusdtr.)

Ragnhilde Jacobsdtr. Hollevik i Sør-Vågsøy f. 1735 – d. 1809

Rasmus Jacobsen Hollevik f. 1790 – d.?

Dette er dei eldste Holvik-namna vi har funnet til nå.

 

Folketelling 1825

 

Hollevig, No 117 under Selløe prestegjeld med Gardsnummer 7.

1 gårdmann som brukte skyldsatt jord, leilending og forpaktere.

3 Husmenn som brukte uskyldsatt jord.

3 Daglønnede og Jordløse Husmenn.

2 Tjenestefolk

1 Fattig

Folketellinga i 1825 er det også Hollevig med Gardnr.4 i Gloppens Prestegjeld. (8 personer)

 

Folketelling 1835

 

Hollevig, Gard i Vaagsøe Capel (sogn), Selløe præstegjeld under Nordre Bergenhus Amt.

1 Gårdmann som bruker skyldsatt jord – leilendig eller forpakter

7 Husmenn som bruker uskyldsatt jord

6 Tenestefolk

1 Fattig

Totalt var der 36 i Hollevig ( barn ikke registrert).

 

Kreaturhold i 1835:

1 Hest, 29 Storkveg, 43 Får, 9 geiter og 1 svin.

Sådd i 1835:

8 sekker Havre og 2 sekker Poteter.

 

 

 

Matrikkel 1838

 

Der finn vi under Nordre Bergenhus Amt, Hollevik under Selløe Sogn garden Hollevik.

Gammelt matr.nr.96 endres til matrikkelnr. 138 . Løpenr. 276.

Oppsitjar: Mons Thomasen. Ny skuld er 3daler  1ort 15 skilling

 

 

Folketelling 1845

 

Hollevig nytt matrikkelnummer 138, Sogn Vaagsøe Capel i Selløe prestegjeld.

1 Gårdmann, leilending eller forpakter

7 Husmenn med jord

1 Fisker

3 Tjenestefolk kvinner

9 Barn ugifte gutter som bor hos foreldrene.

7 Barn ugifte jenter som bor hos foreldrene.

8 Andre.

Totalt var der 36 registrert i Hollevig.

 

Kreaturhold i 1845: 1 Hest, 31 Storfe, 68 Får, 2 Geiter og 4 Svin.

Sådd i 1845: 3/8 sekk Bygg, 9 sekker Havre og 6 sekker Poteter.

 

 

 

 

Matrikkel 1890

 

Gardnr. 138 er nå delt i 3 og oppført under navnet Haalevik:

138 a       Hans Arnesen (Holvik)                

138 b,d    Arne Olsen Rødsæter  

138 c       Knud Olsen

Knud Olsen eigde også garden Oppedalen Nordre gardnr. 132(tidligere løpenr. 262) og Langenes gardnr. 125 bnr.1( tidligere løpenr 214a).  Knud  brukte også navnet Midtgard og Knoph og var en markert person i Halsør-bygda der han slo seg ned.

 

 

UTVANDRING

Det finst 9 namngjevne personer frå Holvik som emigrerte til USA i perioden 1891 – 1902

 

NAVN                                    FØDT             UTREISEÅR             

Synneve Monsdatter Holvik             1868                1891                          

Loise Monsdatter Holvik                  1871                1893                          

Arne Rasmusen Holvik                                 1868                1898                          

Peder Hansen Holvik (Davik)                       1840                1905                          

Jonas Pedersen Holvik (Nakkhola)   1893                1923                          

Martin Gustav Eriksen Holvik                      1899                1924                          

Ingebrikt Johan Pedersen Holvik      1876                1902                          

Mathias Andreas Arneson Hollevik  1876                1898

Peder Isak Pedersen Hollevik                       1882                1902                                      

 

 

Matrikkel 1950

 

Gardsnr. 138 i Holevik består nå av Bruksnr. 1 – 64.

 

138- 01           Holevik                      Alf Tonning

138- 02           Holevik                      Elias O. Holvik

138- 04           Slettebø                      Isak T. Hollevik

138- 05           Madtruget                  Jonas J. Holvik

138- 06           Lundheim                   Signe H. Holvik

138- 07           Bakke                         Abraham U. Holvik

138- 08           Bakke                         Abraham U. Holvik

138- 09           Halnæsvik                  Ane Andersdtr. og Sivert Halnes

138-10 Elvebakken                Arne Olsen Holvik

138-11 Lakseverpet Halnes   Sivert S. Halnesvik

138-12 Solstrand                    Andreas H. Holvik

138-13 Fagerhaug                  Sør-Vågsøy Kommune

138-14 Lidarende                   Arne R. Holvik

138-15 Furulund                     Arne O. Holvik

138-16 Sætrenesskogen         Andreas H. Holvevik

138-18 Fredheim                    Ragnar A. Holevik

138-19            Fjordglytt                   Henrik J. Holevik

138-20 Solstad                                   Hildor Fjære

138-21 Knausen 1                  A. Quist Paulsen

138-22 Knausen 2                  A. Quist Paulsen

138-23 Fredly                         Sigvald A. Halnes

138-24 Harbak                        Jakob R. Holevik

138-25 Solhaug                      Leif Hestdal

138-27 Skansen                      Anna Lien Totland

138-29 Heimtun                     Leif H. Oppedal

138-30            Fjeldhaug                   Fru Anna Larsen

138-31 Solbakken                  Rasmine E. Askeland

138-32 Solstad                                   Eilert Oldeide

138-33 Utsikten                      Elias P. Husevåg

138-34            Fjellheim                    Helene Pedersdtr. Holvik

138-35            Villabakke                  Knut Løseth

138-37 Heimlengsel               Arvid I. Halnes og Ingrid I. Halnes

138-38 Fredsberg                   Einar Arnesen Halnes

138-39            Nystuen                      Andreas Hagevik

138-40 Rabben                       Einar A. Halnes

138-41            Bergheim                   Elias B. Vaage

138-43            Hagen                        

138-44            Kringsjå                     Ester S. Halnes

138-45 Skogly                        Reinhardt Torheim

138-47            Nyberg                       Håkon Hopland

138-48            Fredlund                     Ragnar A. Holevik

138-49            Nyheim                      Haakon Thuen

138-50 Hagen                         Olaf Abrahamsen Holvik

138-51            Von 1                          Signe H. Holvik

138-52            Bergly                        Signe H. Holvik

138-53            Solhaug 1                   Leif Hestdal

138-54            Høgåker                      Margit A. Hole

138-56            Stiklestad 1                Martin Halnes

138-57            Rutheim                     Johannes Holvik

138-58            Hunskår 1                   Marius Hunskår

138-59            Solstad 1                    Manda Fjære

138-60            Bergbo                                   Jonas J. Holvik

138-62            Bakkehell                   Olaf Svoren

138-63            Villabakke 1               Knut Løseth

138-64            Solflata                       Ragnvald S. Gangsø

138- 3             Holevik                      Asbjørn A. Halnes

138-17            Knausen                     Adolf Quist Paulsen

138-28            Solvang                      Olivia Halnes

138-36            Von                             Arthur Hestdal

138-46            Lundheim                   Arthur Strømmen

138-61 Veistad                       Karl B. Furnes

138-26            Nyheim                      Alfred S. Halnes

138-42 Hunskaar                    Marius Hunskår

138-55            Stiklestad                   Martin Halnes

 

 

 

Til toppen

 

HOLVIK - EI BYGD I STADIG UTVIKLING

 

Tilrettelegging for boligbygging har gjeve ei jevn og god utvikling av bygda.

holvik 1951

 

Bilde frå 1951. Vi ser huset til Odd Oldeide og området som no er blitt skuleplass. Lengst til venstre ser vi huset til Miljeteig (no Hageland), deretter Bakke (no Nerland), huset til Arthur Hestdal (no Anne Lise Samuelsen) og Henrik og Lina Holvik (no Peder og Ruth Holvik)

 

 

HOLVIK54 HOLSJ~1

Bilete fra 1954 teke fra Tuftane.              Bilete fra ca. 1963 teke fra vegen mot Nakken.

 

Gamlebrua

Gamlebrua stod omtrent der veikrysset til Blomsterdalen no er. På bildet ser vi fra venstre Geir, Stig og Ellinor Oldeide.

 

 

 

 

 HOL69

 

Bildet fra 1969 viser utviklinga i bygda i denne perioden.

 

holvikoversikt ca76

 

Utsikt over Holvik i 1976.

 

holvik

Flyfoto over Holvik rundt 1988.

HOLV95

Holvik sankthanskveld i 1995. Bilete er teke fra om lag same plass som dei forrige bileta.

 

 

SKULE

1878 Vågsø Skolehus på Røysa (Raudeberg) einaste skulehus. I 1881 tilbød lærer H. Kvalheim seg å lage skulestove i eit bustadhus han leigde i krinsen Skram . Det ble eige bygg i 1897. I 1891 ba Heradstyret Skulestyret overføre Holevik frå Skram til Våge krins. Maria Holvik (på Tuftane) gikk på skule både i Skram og i Våge. Der var det Skule-Hans som rodde fra faslandet (Saltkjel) til Skram skulte der, gjekk så Skramsdalen til Våge og skulte vidare der.

I Holevik var det 11 skuleborn i 1900. Holevik skulekrins hadde skule i leigde rom fram til 1916. Skulen vart halde i Halnesvik i huset til Sivert Halnes (første huset i Halnesbakken på

oppsida av vegen). Inga Halnes som var fødd i 1907 gikk første åra på skule der. Ho lærde

seg å skrive med griffel(kritt) og tavle. Luksus som penn og papir kom seinare.

Krav om eige skulehus kom straks etter kommuneskilje. Dette vart sjølvsagt ein stor debatt om kvar skulen skulle liggje. Arne Pederson Husevåg Halnes gav tilbod om gratis tomt oppe ved gardfjøsen i Halneset der gamlevegen gikk over til Nakkhola. Men Ola Holvik og Hans Holvik gav tomt der skulen står i dag og sia Hans sat i heradstyret for Sør-Vågsøy var nok slaget som skule i Halnes tapt i utgangspunktet. Grunnmurane var reist av bygda på dugnad.  Skulehuset vart bygd i 1917/18 og kosta 15.500,-. Den fyrste skulemeisteren som vart tilsett var Hans Kvalheim kalla SkuleHans. Han var litt av ein kunstnar, blendingsgardinene i skulehuset var malt som gardane i Holvik. Sidan var Marie Gotteberg lærar ein periode. I krigsåra var Eide lærar. Kjøpte tomt for å byggje hus i nærleiken av skulen. Han solgte seinare tomta til far til Odd Oldeide. Deretter tok Margit Hole over skulearbeidet.

 

Skuleklasse 1930

Skuletur med Margit Hole 1930.

 

Feiring

Frå avskedsfesten til Margit Hole. Jens Skomsø til venstre og Olav Dybedal til høgre.

 

Skulen var 2-delt i 1941 og sidan samla igjen. Skulen heldt seg på grensa mellom vilkåra for samla og todelt fram til 1952.  Då vart det todelt skule og barnetalet kom i sterk vekst. Margit Hole var lærarinne til ca. 1965 deretter var det fleire lærarar ma. Ivar Horn, Harald Gjørsvik, og Helge Hansen. Gro Holm Gjervik som er rektor i dag, byrgja som lærar i 1976. Ho var lærar siste året gamleskulen var i drift. Då var det 16 elevar i 1. – 4. klasse. Skuleåret 77/78 var i Vågsvåg medan nyeskulen vart bygd.

 

fyrste kullet i nyeskulen

Første årskullet (2.klasse i nyeskulen). Sølve Oldeide, Gunnar Oldeide, Kristin Moe, Per Rune Loen, Marit Refvik  og Olaug Merete Dybedal

 

Oppstart i nyeskulen var oktober 1978 med 1. – 6. klasse. Der vart også den eine av dei to barnehagane i bygda etablert. Fra 1978 og utover har det vore fra i underkant av 30 til overkant av 40 elevar på skulen. Det har vore fleire utbyggingar og ominnredningar på skulen. I 1987 bygd foreldra på dugnad om garderobene til klasserom/kjøkken. Ny utbygging på dugnad i 1997. Denne gongen vart det bygd hems i gymnastikksalen og deler av salen var omgjort til klasserom.

 

nyeskulen dugnad  skulesjefbesøk

 

 

Nye skulen i 1978.                Audur og Karin på dugnad.    Skulesjefen opnar hemsen.

 

Nytt tilbygg til lærarane kom i 1998.

skuletilbygg jul98 

 

Vågsøy Kommune har ved fleire høve freista å leggje ned skulen i Holvik, men press og aksjonar frå bygda har holdt skulen i drift sidan den vart starta. Hausten 2002 vart det gjort vedtak om å byggje ut skulen til også å ta imot elevane fra Våge-Oppedal skule som skal leggjast ned.

 

 

 

Til toppen

 

LOKALE STADNAVN

 

Geitehola:                  bak huset til Marius Hunskår

Rævehola:                  opp med huset til Arthur Hestdal

Ingeborgdalen:           i fjellsida over Nakkhola mot Måløy

Svartedalen:               dalføret innanfor byggefeltet Furutoppen.

Skogelyd:                   der elva som renn aust for Furutoppen starter. Ligg i rør under gravplassen.

Sletteberget:               det spesielle berget i fjellsida i Holvik

Stovehaugen:             haugen over garden til Arne Holvik og Alf Tonning

Storehaugen:              den som seinare er blitt kalt Bakkadammen. Denne vart demma opp på dugnad for å lage skøytis til borna i bygda etter den tragiske drukningsulukka i Bergavatnet. Då Olav Våge drukna tidlig på 50-talet. Jonsokbål på 60-tallet. På slutten av 90-talet vart Bakkadammen på ny utgreven til ”skøytearena”.

Melkehaugen:            der gardfjøsen til Andreas Holvik står.

Innlegget:                   brukt om inngjerdet eigedom. I Holvik var det Andreas-hagen mellom                                                                       Melkehaugen og drikkevannbassenget. Innlegget eller Innlegda var også der Sølve Oldeide sitt hus står i dag. Hoppbakken for ungene i Holvik på 60-tallet.

Kvernhuselva:            elva i svingen etter Andreas-hagen. Der ligg fortsatt restar etter møllesteinar.

Nepekviehaugen:       ligg på andre siden av elva ved Andreashagen. Heimevernet brukte plassen til skytefelt.

Skytefjellmyra:          ligg i dalføra over første høgda ovanfor Nepekviehaugen.

Løypestrengen:                      gikk utanfor Skytefjellmyra og kom ned straks over Bassenget.

Krekeelva:                  elva som svingar mest mot nord etter delinga ovanfor Bassenget.

Kolbrennene:             området langs Holvikelva ovanfor plantefeltet.

Leiskarbakken:          ligg over dalen mot nord.

Svedhaugen:               ligg videre oppe i dalen (rundt 1. kvile) med Sætrevatnet like austafor.

Synssteinen:               over Holvik ligg på kanten av fjellryggen over Holvik.

Bergavatnet.               storvatnet som no er drikkevatn til Vågsvåg.

Bergnakken.               120 m høg fjelltopp på yste neset i Holvik (Nakkaneset)

Nakkaelva:                 elva som kjem ned innanfor Nakkaneset.

Sjøbuneset:                neset nedanfor skulen. Står mur etter bygning.

                                   Badeplass, fiskeplass, hyttebygging og krabberaking.

Langeneset:                neset nedanfor Sjøastykkje Holvik.

Bakkane:                    Dei to gardane i lia heilt vest i Holvik.

Dale-veita:                 Elva som går under veien i nokalla Blomster-dalen.

La-bakkjen                 Hellelagt gangsti fra Dale-veita forbi eplehagen opp til garden.

Grisemyr-bakkane     Ytterst på tuftane, der Blomsterdalen endar.

Nordavinds-

hammaren                  Fjellhammer ovanfor skulen. Seinare Skulehammaren.

 

Navn i nyare tid:

 

Klakken:                     Der kloakken til Thuen rann ut. God fiskeplass etter marulk og

småmurt.

Arneskogen:               Plantefelt med furutrær og bakken overgrodd av høgt ormegras. Eigd

av Arne Holvik og låg der Ingulf Klubben bur no. (Nedanfor Regnbuen barnehage). Flott plass å leike ”Kåbboy”.

Storedammen:                       Dammen var beste fiskedammen i elva. Låg der Geir Oldeide bur no.

Det var også der Kvernhuselva møtte Skogelva.

Plana:                         Skuleplassen der fotballen stod i høgsetet.

Hammaren:                Ligg nedanfor skulen. Her skjedde mangt et karastykke i barns leik.

Harald sykla ned, Geir var sprinteren som sprang ned, John Arne klatra

fra berghylle til berghylle mens han satte fyr på graset bak seg. Gikk bra

heilt til flammane innhenta han og han datt ned og forstua foten. Trond

lagde seg fallskjerm og skulle hoppe fra det høgste punktet. Heldigvis

vart han stoppa i siste liten ellers hadde det virkelig gått gale.

Hammeren gav også fin utsikt og fri luftlinje for ”beking” av vinduene

til gamlelærerinna Frøken Margit Hole.

Signebakken:             Alpinbakken i Holvik med flombelysning. 1 utepære på fjøset til Martin Miljeteig og 1 lyktestolpe på veien opp til Nakkhola.

 

Til toppen

                               

GARDSHISTORIENE I HOLVIK

 

 

Bruk nr 1.

Hovedhuset var plassert langt fra fjøs/lade. Desse var også adskildt som var uvanleg på den tida. Trulig har brannen som var i 1738 satt litt skrekk i folk at ein ikkje måtte byggje for tett. Brannen i klyngjetunet i Refvik i rundt 1850 satte nok også sine spor i lokalsamfunnet.                 

Tomas Andersson, br. F. 1600 heile 1.v.f. Randi Pålsd. Våge, n.1646. Dei hadde 4 tenarar då.

Det var vel for fisket si skuld at dei laut ha so stor tenarhjelp.

 

Oluf, br. 1636 1 pund Gift med Brite død 63 år gammel i 1674.

 

Engelbrigt Tomasson, f. Ca. 1610, br. 1642 1 pd., siden heile garden. Gift med Dorte, n. 1646. Søn Tomas 16 (døde 26 år gammel i 1675), Anders 9 år gammel er n, i 1666.

                                   I 1626 hadde garden ”temmelig” avl (husdyr), laksevarp og brukaren var formuande.

 

v.s. Jon Jonson Vedv., f. Ca. 1643, død 1704, br. Ca. 1643 heile garden. Gift første gang med Anne Engelbr.dtr. Holvik og andre gang med Ragnhild Jacobsdtr. Død 1732. Sonen Jon var i København i 1773. Jon bygde kverna i Holvik i 1661.

 

Jacob Paulson, døde før 1740 br. I 1733 dei andre 2 pd. Første ekteskap med Ragnhild, andre med Brite Jensdtr. Døde 1740, tredje med Anne Olsdtr. Åse, Dav., døde 28 år gammel i 1742. I 1738 brann husa på garden. Brukar vart då friteken for skatt

                        i 2 år, som var vanlig ved slike høve.

 

V.s.  Meinert Pederson br. I 1721 2 pd. Av Jacob sitt bruk. Gift med Guri Jacobsdtr. Dei flytta til Våge i 1773. Sjå under bruk 2.

 

Ola Jacobson b. 1755 2 pd. F. Gift med Else Jensdtr. Halsør.

 

Rasmus Olson Våge,  døde i 1767. br. I 1760 ½ g. =2 pd.f. Gift med Brite Jensdtr. Som døde 77 år gammel i 1799.

 

Abraham Monsson Gtb, døde 65 år gammel i 1800. b. I 1769. Giftet seg med Brite.

 

V.s. Jacob Jensson Hals døde 65 år gammel i 1806. b. 1786 med P.Glad. Bleiv på sjøen. Gift med Anne Rasmusdtr. Hlv., døde 56 år gammel i 1822.  Barn:

                        Rasmus Jacobson født. 1790

                        Alets Jacobsdtr. Født 1788

                        Cristie Jacobsdtr. Født 1794

                        Anne Jacobsdtr. Født 1796

                        Else Jacobsdtr. Født 1799

                        Det var også 4 tenestefolk på garden i 1801.

                        Stephen Sørensen,var innrullert matros og 42 år.

                        Abel Jonsen, var innrullert matros og 24 år.

                        Jens Monssen, 39 år og Kari Pedersdtr. 26år. Sjå folketelling 1801 for meir info.

                       

 

Mons Tomason Raudebergskår, døde 56 år gammel i 1837. b i 1807 4 pd .f. av jomfru Glad. Gift første gang med Anne. Andre gang med Marte Paulsdtr. Ervik

 

Arne Hansson Rauset, Gloppen døde 81 år gammel i 1898, auk.sk. i 1846 for 370 spd. Gift med Abelone Korneliusdtr. Eide døde i 1894. Arne leigde ut retten til lakse-

                        fiske i 1852 til Magne M. Myrøy i 10 år.

 

                        Lese meir om slekta og etterkommarane til Arne Hansson Rauset Holvik

                                                   

           

 

 

GRAV36                                   

 

 

 

Hans Arneson Holvik, døde 82 år gammel i 1936. Skøyte på bruket i 1881. Gift med Ingeborg Jacobsdtr. Osmundsvåg som døde 65 år gammel i 1909. Giftet seg igjen med Ingeborg  Olsdtr. Hagevik som var enke etter A.L.Hagevik.

 

Andreas J. Hansson Holvik. Gift først med Rasmine Pedersdtr. Holvik frå Nakkhola.  Andreas flytta utdanna og arbeidde ein periode i Bergen og ungane frå fyrste ekteskapet vaks opp i Nakkhola. Dei døde der tidlig. Andreas gifta seg deretter med Marie Pedersdtr. Holvik. Andreas fekk då eit jordstykke med Hans på Tuftane og bygde husa der.  Fekk seinare halve garden    i arv etter Hans.

 

Ingeborg Olsdtr. Hagevik Holvik arva den andre halva av bruk 1. Ho solgte til Alf Tonning.

 

 

Husmannsplassar har det vore mange knytta til bruk 1. Mellom huset til Odd Oldeide og vegen til byggefeltet var Klasplassen. Steintuftane etter denne kunne ein sjå til langt utpå 60-tallet. Tømmerhuset som stod der vart flytta opp til nedsida av lada til bruk 1. Tonning brukte dette seinare til hønsehus. Klas eller Klaus emigrerte trulig til Amerika.

 

På bakkane var plassen til Anders og Malene ?.

Monseberget, var ein plass inne på stykket til Miljeteig (Signebakken). Steinrestane vart trulig brukt i bygginga av kjerrevegen til Nakkhola. Nær ”ledet” som stod ved transformatoren.

 

”Halnesvik” og ”Dalen” var også gamle plassar før dei vart skilde ut.

Dirik-flata var ein plass på flata over gardane i Halnes. Der ligg fortsatt småmurar etter stova.

 

 

Til toppen

 

 

NR.2               HOLEVIK

 

Utskildt fra bruk nr.1 i 1846-47. – Seinare 138-2.

 

Holvik Støda Gard Utmark 024

Markus Ingebrigtson Steinsvik (Skjerdal), døde 58 år gammel i 1860. sk. 1846 Gift med Marie Arnedtr. Rauset som døde 66 år gammel i 1880. Ho testamenterte alt til broren Arne i 1881.

Markus kjøpte garden Holvik i lag med Arne Hanson Rauset. Begge huslydane flytte ut til holvik i 1847. Han og kona Marie hadde ein son, Ingebrikt. Markus døydde i 1860. Kona Marie var frå ”Storstov” på Rauset, og var nabogjente til Arne Hansson Rauset.

 

Arne Olson Rauset Holvik, døde 91 år gammel i 1931. sk. 1872 Gift med Inger Torgjerd. Arnest., døde 86 år gammel i 1928. Då var begge gardane samla igjen i same eige. Arne Rauset tok depoet på Slettebøna som kår. Det var døtra Ingeborg

                        Rauset som budde der og skulle nok passe foreldra i alderdommen. Ingeborg

                        hadde og fått Innlegget (Der Sølve Oldeide og Geir Gjørsvik no bur) av far

                        sin og skulle byggje hus der. Det vart bare lagt opp steinmurane og ingen

                        hus vart reist fordi systera Maria døde. Då flytta ho opp i garden og hjelpte Ola med ungane.

 

Ola M. Arneson Holvik, døde 65 år gammel i 1931, sk. 1908. døde ugift. Han var bror til Hans Holvik. Ola var bereist som jekteskipper og vart mellom anna kalla FaderHolvik, fordi det ryktast at han hadde hatt ”en pige i hver havn”. På den tida var det nytta sledar til transport, men han fekk bytta om til hjul.  Han var også kalla Opticus og var en stor levemann med smaken på det sterke. Sjølv

                       om han var odelson torde ikkje Arne å gje garden til han. Han gav den til

                       systra Maria.

 

Maria Arnesdtr. Gifte seg med Ola Holvik fra nabotunet i bruk 1. Dei fekk ungane:

 

Elias Holvik, odelsgut og vart brukar 1945.

Alfred, som emigrerte til Amerika

Arne som vart eigar i lag med Inger i 1960.

Ragna som flytte til Bergen og vart gift Helland

Inger og Arne Holvik

Inger Holvik eigar i lag med Arne i 1960.

Anna som også vart gift i Bergen

 

Bruket er no er eigd av etterkommarane til Ragna Holvik Helland

 

Les om korleis dei hadde det i huset rundt 1880

Det var morfar til Inger som bygde huset. Da var det bare den Nore-stova, utan lem, men med

gang og matbod. Ramen vende ned mot fjøset. Då Søre-stova av huset vart bygd, fekk huset

ei anna vending. Huset vart då snudd med langsida ned mot fjøset. Det sa seg sjølv at no vart

det rom både i kjellar og på loftet. Tregolvet som er lagt i søre delen av huset var det far til

Inger som la. Han la også nytt golv på lemmen, i Kova og i kjøkkenet. Han gjorde det etter

som han hadde tid. Alfred bror til Inger ville ha golv på heile Sør-lemmen, men det nekta

faren. Det skulle ikkje sløsast med pengar i den tida. Husa var bygde av timber, med tak av

never og torv øverst. Nevera kunne ellers blåse bort og torva gjorde også husa lune.

Det var ikkje alle husa som hadde golv og det var vanlig at ”golvene vart spadde til jul”.

Det var også vanlig å ha ein husgris i binge inne i stova. Inger kan minnast i 1907 at dei

vaska og fjelga huset. Derpå la dei inn nyhogd eine som dei strødde golva med, ”du og du

for ei fin lukt det gav”. Søre-stova vår har vore måla så lenge Inger kunne hugse.

 

Inger Holvik1                    Arne Holvik

Jul i gamal tid slik Inger hugsa det:

Vesle Julafta reiste far alltid til Måløy for å handle. Eit år kjøpte han tøfler til mor og Alfred i

fint svart skinn.  Anna, Ragna og eg fekk kvart sitt ullhovudplagg. Julenisse var aldri brukt

oppe i garden. På Julafta måtte ein få frå seg det vanlige arbeidet til kl. 16.00. Maten i jula var

god. Frukost var vanleg brødskjeve og kaffi. Til middag kl. 12.00 var fisk og klokka fire var

det dampa tørka saudeside, poteter og saft til drikke. Til kveldsmat fekk vi risengrynssuppe og

restane av fisken som var servert til middag. Hushaldet var 9-10 mennesker og det var dagen

i året at alle vart skikkelig mette.

 

Depoet var kårplassen til Arne Rauset H. og døtra Ingeborg Rauset H. var det som budde der.

Ho var utdanna sykepleier og vart ansatt som fyrste menighetsøster i Sør-Vågsøy

Sjukerøktarlag i 1912. Løna var 200 kroner pr. år. Ingeborg hadde eit stort hjartelag og  kom

det omstreifarar/splintefylje til Holvik fekk dei alltid losji med Ingeborg. Ho flytta seinare

oppi garden da systra Maria døydde og budde i Nordre-Stova til ho døydde i 1935.

Innlegget var uskildt til Ingeborg og som skulle byggje hus der. Arne Holvik kalte denne

eigdommen for ”deilig er jorden-stykkjet”. 

 

 

NR.3               HALNESET

opphaveleg plass, utskildt fra nr.2, skyldsatt 1855. – 138 - 3

 

Ola Kristoffersen, døde i 1866, 77år gammel. Leigde før 1830, døydde av slag ute på sjøen.

                               Gift med Dorte Botolvsdtr, som døde 71 år gammel i 1862.

 

Knut M. Olson Trollebø, døde i 1911, 78år gammel. Kjøpte garden i 1855 for 90 spd.

Var først gift med Synnøve Jørgensdtr. Humborstad som døde 50 år gammel i 1886.

Gifte seg for andre gang med Elisabet Larsdtr. Tnb. Som døde 85 år gammel i 1920. Bruket stod så til salgs i 3 år.

 

Arne Pederson Husevåg, skøyte i 1909. Gift først med Inger Steff.dtr. Myrkeneset, som døde

                                               Deretter gift med Karoline. Fekk borna:

                                               Sigvald

                                               Petra, som vart gift på Reksnes v/Kølsdalen

                                               Ingvald Halnes, far til Arvid og Sigrunn

                                               Inga Halnes (1907)

                                               Alf Halnes (f.1909)som drukna på Bergavatnet i 1921

                                               Einar Halnes (f. 1914 – d.1977)

                                               Asbjørn (f. 1920) gift med Svanhild.

 

Asbjørn A. Halnes, eiger i 1950. Garden vart då delt i 2.

 

NR.4               SLETTEBØ

Utskiftet fra nr.2

 

Torgjer (Torgeir) Arneson Rauset, som døde 38 år gammel i 1907. Skøyte fra 1891.

Kom fra Rygg og flytte til Holvik der han gifte seg med Ane. Han var fiskar av yrke. Han var ein av pådriverane for å få bygd Sør-Vågsøy Kyrkje. Ane døde 94 år gamal. Det blei fortalt at då Torgjer etter å

tørka fisken skulle til Bergen for å selje den,at han kvidde seg for å leige romenn. Då vart Ane med han som roar. Då fisken var solgt ville han gje kona ei bygav,e som ho kunne få ynskje seg. Ane valgte då å få 100 kg med kveitemjøl, for det hadde ho aldri sett eller smakt før, men høyrt so mykje flott om. Dette var ca. år 1900.

                                    

                                   Torgjer, Ane og Arne Holvik

Born:

Arne, som reiste til USA 19 år gammel. Han hadde oppnavnet ”Getalong”. Han kom seinare attende til Holvik og kjøpte ”Kalvehagen”. Som var eigdomen utanfor bakkane til Nakkeneset. Systra Maria Holvik Hamnaberg arva denne eigedomen etter han. Døtra til Maria Astrid Hamnaberg solgte eigedomen seinare til brødrene Sætremyr.

                                   Isak, Trine som gifta seg med Olav Dybedal i Almenning,

Ragnvald M.T. Holvik gift med Berta Maurstad frå Maurstad

Olina, Karoline (Kalla), Anna - gift med Lillesalt frå Selje. Han hadde 4 born frå fyrste ekteskap, men med Anna var det barnlaust. Dei budde fyrst på Slettebøna, men flytte seinare inn på loftet til Olav Svoren, etter ei tid i Måløy.

                                  

Isak Torgjerson (Torgeirson) Holvik            , skøyte 1925.

 

Det var plassar knytta til Slettebøna.

 

Det var stova til Rakel, som var tanta til Isak. Ein kan fortsatt sjå grunnmurane i nærleiken av innkøyringa til gravplassen. Ho var svært gjestfri og tok mot alle som kom til ho. Rakel var utdanna diakonisse hos Katinka Gullberg. Rakel fortalde at da ho var 10 år var ho på vekkelsesmøte ca.1870 i Utigard i Våge. Det var i jula og da fekk ho for fyrste gang sjå at ein gjekk rundt juletre og sang julesangar.  Rakel og Ingeborg Rauset vart begge nytta som jordmødre og sykesøstre i heile vestre krets og Måløy. Dei arbeidde i lag med Dr. Strand som var einaste legen i ytre Nordfjord.

 

SJØANE        Var plass under Slettebøna. Jakob Larsen Hagevik som var gift med Ane Oppedal kom til Holvik ca. 1890. Jakob er muligens bror til Ingeborg Hagevik som var andre kona til Hans Holvik.

Dei tok navnet Holvik og dei hadde 12 unger i den vesle stova nede i fjæra mellom butikken og Langeneset (der Kjell og Jenny Krabbestig bygde hus): Kristoffer, Isak, Simon, Alfred, Jakob, Louise, Anna, Ida, Borghild,Marie, Astrid og Hanna.

Iask Holvik 1925     Holvik Musikklag 1930+

Simon Holvik i arbeid på Vågsberget i 1925. Holvik Musikklag trulig 1931.

Dei fekk også tillagt plassen Sjøstykkje ovanfor gravplassen der Tor Arne og Laila Berg bygde hus.

Dei markerte seg sterkt i bygda. Ane vart fyrste forkvinna i misjonen. Heile familien var svært musikalske, Simon spela cello, Isak fiolin, Maria gitar. Maria vart søndagskulelærar i bygda (ho var gift med misjonær/predikant Kvien). Jakob og gutane var flittige å drive sjøen og bygde stornaustet på Langeneset. Det var rom til nokre av gutane i 2.etg, båt og bruk i 1.etg, tilbygg som var fjøs for dyra. Båten deira ”Havørn” reiste over til England tidlig 1940 med

jødar som skulle utvisast frå Norge. Da Måløyraidet kom flykta også mor Ane og 4 av sønene

over til England, og var der under krigen. Da budde Jaeger-familien der i 5år. Dei flytta ut

når Holvik-familien kom attende. Dei fleste av ungane flytta (Isak gifte seg med Else frå Stavanger og kjøpte seg hus i Måløy) Simon gifte seg med Oline Holvik (kjøkenlærerinde) og bygde hus i gt.3 i Måløy ved Bamsebo, men mor Ane og døtrene Ida og

Anna var igjen til mora døde. Då flytta dei til Måløy og arbeidde som syersker. Sia stod huset tomt nokre år til Simon og Lovisa (Silden) Solheim  flytte litt før 1960. Dei budde der til midt på 60-talet og flytta sidan på gamleheimen i Måløy. Johan Strømmen med familie flytte inn der rundt 1970.

 

Miljeteig var opprinelig ein gamal plass. Som Henrik frå Vetvikja fikk kjøpt etter at han vart gift 2.gang med Karina Holvik (fra garden Halnes). I forhandlingane om pris vart det lagt vekt på at ein måtte få den billegare då ein skulle ha LisjeHenrik i kosten.

Dei fekk ungane:

Signe, Lovise (gift Øverby), en som drukna på under skøytegåing på Bergavatnet  i lag med Alf Halnes som da var 11år og til slutt Henrik (eller LisjeHenrik som han vart kalla) Faren vart då StoreHenrik.

 

Matroget-stykkjet vart jordet som ligg der gravplassen er no kalla. Det var fordi at Jakob Holvik i Matroget var det som braut opp stykkjet. Da fekk han retten til å slå graset i 15år.

Graset bar han over Nakkholsmyrane ned til Matroget eller han brukte båt. Han hadde og ei lita skykkje som han hadde redskap og mellomlagra høy i.

 

Til toppen

 

 

NR.5               MATTROGET

Opphavleg plass

 

Matrogen

1910 Familien til Jacop Ivar Olai Rasmussen Holvik gift med Marie.

Henrik Holvik, Jonas Holvik, Marie Holvik, Jacop Holvik, Bella Holvik, Mons Holvik,

Manda Holvik og Kristine Holvik

 

Elias Johanneson, leige plassen til ryddning for for til 1 ku og 6 får av Th.Friis.

 

Gregorius Olson N.-Skr (Nedre Skram?), som døde 84 år gammel i 1901. leige 1840 og neste leige i 1848.

                        1. gang gift med Inger Falkevik, som døde 1888 57år gammel.

                        2. gang gift med Malene Monsdtr.

 

Steson Jakob Ivar Olai Rasmusson Holvik, skøyte i 1898 av Torgjer Arneson.

                                   Gift med Marie Ingeborg Kristendtr. Seljenes, død 1937, 80år gammel. Born

                                   Martine Holvik f. 01.01.1886 – Reiste til USA 18 år gammel. 

 

Jonas Jakobson, skøyte ?

                                   Gift med Ragna Os

 

NR. 6              LUNDHEIM (Nakkhola)

 

utskilt 1900 fra gard nr.2 -138 – 34.            

 

 

Henrik Pederson Vedvik, skøyte i 1904.

1.     gang gift med Lovise Jakobsdtr, som døde 36 år gammel i 1904.

2.     gang gift med Katrine Knutsdtr. Holevik.

 

 

Første huset vart bygd  av Peder (Per) Holvik som kom fra Isane og Jørgine som kom fra Husevåg. Dei førte material fra ei hus på Isane med ein av båtane som sokna til Holvik/Husevåg.

Dei fekk ungane:        Per, som døde tidlig.

                                               Tomina

                                               Rasmine

                                               Ingebrikt, som reiste til Amerika

Helene, som døde i 1958. Overtok garden i lag med mor            Jørgine når mannen døde.

Marie- Gift med Andreas og mor til Hanna Holvik Sjåstad.

 

Jonas, overtok Holvik Pensjonat. Gift med Amanda Ervik.

 

Dei fekk ungane:

 

Sonen Per vart gift med Sigrid og bygde Nye huset i

Nakkhola. Dei fekk ungane: Ann Olaug, Sissel og Jarle.

 

 

Elisabeth- som vart gift i Sandefjord

 

Ruth Holvik – Som er mor til Ragnhild Vedvik gift med Rolf Jakob Vedvik.

 

Ole som døde på pensjonatet i Måløy.

 

Jørgen Holvik som fortsatte å drive pensjonatet. Gift med Sol.

 

 

 

 

NR. 7–8  BAKKE  (Bakkane)

Utskiftet i 1882 og 1900 fra nr.2

 

Rullebakken

 

Ola M. Arneson skøyte i 1872 og 1901, men han solgte til etternevnte. (sjå nr.2)

 

Svoger Ulrik Larsson Nygård, døde 66år gammel i 1916. Han leigde tidligere i Våge, men leigde så garden fra 1877. Kjøpte i 1906.

            Gift med Ane Arnedtr. Holvik, som døde i 1942. Ho var søster til Ola og Hans.

            Ulrik fikk Norges Vel sin medalje for godt planlagt nybrottsarbeide.

Ulrik la garden Bakke høgt for da ville det være lett å frakte dyremøkja nedover bakkane. Høyet meinte han var lett så det skulle han nok få i hus, sjølv om det vart oppoverbakke. Han la opp steinmurar som sia vart dyrkbar mark. Dei fekk ein son.

 

 

Abraham O. Ulrikson, (1887-1966) skøyte i 1915. Gift med Sofie H. Jonsdtr. (188(6)7-1977)Rdb (Raudeberg??)      Born:              Ulrik, 1916-1992

Jenny,

Olaf,  1917-1979Gift med Jenny 28,mars 1942

Anna og Signe født 1928.     

 

NR. 9-11 HALNESVIK

Utskift fra sameige.

 

Anders Larsson Færestrand, død 66 år gammel i 1924. Kjøpte i 1904.

                        Gift med Malena Rasmusdtr. Maanset, som døde 1916, 81 år.

Vs. Siver Steffenson, Myrkeset, skøyte 1908. Gift med Ane Andersdtr. Som døde 1902.

 

 

 

NR. 12            SOLSTRAND (Tuftane)

Utskildt fra nr.1

 

Garden vart utskift da Andreas gifte seg på nytt med systera til si fyrste kone Rasmine Pedersdtr. Holvik. Etter at faren Hans døde i 1936 vart halve bruk nr.1 tillagt garden som arv.

 

Andreas A. Holvik, skøyte i 1916.    Gift med Marie R. K. Pedersdtr.

 

Ingeborg Holvik eigde til ho døydde. Då arva systra Hanna Sjåstad eigedommen.

 

Til toppen

 

 

138-19            FJORDGLYTT

                                                           Bygd av Henrik Holvik og Pauline kalt Lina (kom fra Leirgulen). Henrik hadde vært i teneste på Ramneholmen i Vågsvåg og flytte til Holvik. Bygde huset på neset der Holvik-skiltet står. Henrik var bror til Jonas Holvik i Matrogen.

                                                                      

                                                           Dei fekk ungane:

                                                           Peder som arva huset, gift med Ruth  og fekk barna: Per Ivar og Bente

                                                           Jakob som busette seg som nabo til Odd Oldeide. Var gift med Borghild og fekk ungane: Anne-Laila og Henry.

                                                           Ingolf som busette seg på Halnes. Gift med Ester og fekk ungane: Lillian, Sissel, Toril, Ingrid og Eli.

                                                           Magnus som jobba i Oslo på Tidemand og på sjukehus i Oslo

                                                           Kirsten, gifte seg Ruud bosett i Oslo. 2 gutter Paul  og Harald.

 

138-60            BERGBO      

Jonas J Holvik, gift med Ragna frå Nordfjord    

                                                          

                                                           Dei fekk ungane:

                                                           Martin Holvik, som overtok huset, gift med Rigmor frå Tyssedal. Born: Kari, Reidun og John Anders

Amanda (Manda) f.27.02.2897, gift 1918 med Hildor Fjære f.18.03.1986. Hildor omkom i den tragiske brannen i 1951. Hildor kom til Måløy fra Kjærringøy i Troms.    Born: Solveig, Lilly, Marit, Agnes, Magne,                                 Solbjørg,Ruth og Jan.

                        Solveig gift med Karsten”Kikken” Blålid

                                    Helge Blålid

                                   Solbjørg Blålid Hageland

Solbjørg gift med Jørgen Elvebakke.

Magne gift med Mabel Jacson 29.02.1920

                        Martin, Jonny, Marion, Karin og Glenn Steven

 

                                                           Kristina, som vart gift med Oskar Midtgård

                                                                       Barn Per Midtgård (i Ura)

 

                                                           Bella, gift med Mons Vågsberg i Murvika (Vågsvåg)

                                                                       Etterkommarane deira tok namnet Solvik.

 

 

                     

 

 

 

                                                                                  

                                                                                                                             

Det er målsettinga at alle gardane som er nevnt i matrikkelen frå 1950 skal skrivast ned gardshistoria på. Hvis det er nokon som har lyst til å offentligjere historia om deira gard/eigedom er det mogeleg å leggje den ut på nettet her.          

 

Til toppen