Skrivinga av denne historia burde ha starta for mange, mange år sidan, då mange av dei gamle

fortsatt var i live i bygda. Men betre seint enn aldri. Vi har henta historiar frå dei som enda sit

med kunnskap om gamle dagar i bygda. Det er også benytta alle dei historiske dokument som vi

har hatt tilgang til. Når ein også har hatt barndomen sin i bygda sit nok ein del av historia prenta

inn i hjernebarken.

 

Denne historia tek for seg utviklinga av stadnamnet Holvik, litt om vegetasjon, historiske milepælar,

næringsverksemd, folketalsutvikling, gardshistorie. Somme bolkar har og nokre meir personlege

vinklingar på historia.

 

Vi håpar at dette skriftet kan gje den oppvokasnde slekt litt innsikt om bygda. Hvis du finn manglar

og saker du meiner bør være med, ikkje nøl med å ta kontakt anten på e-post, på telefon eller personlig.

Vi er også svært interesserte i å samle inn mest mulig eldre foto fra Holvik. Dersom du skulle vere

interessert i å få kopi av bileta i høgare oppløysing så ta kontakt. Dei bileta som er trykt eit arkivnr.

på kan du få ved å henvende deg til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.